Kva er verst: Hjelp frå staten eller hjelp frå ein rik slektning?
«Arbeidarhjerte» viser fram ein ambivalens til velferdsstaten.

Eg fullførte nyleg Carl Frode Tillers andre bok i serien «Arbeidarhjerte», og har gått og tenkt på boka sidan. Begge bøkene i serien, ja, heile forfattarskapen til Carl Frode Tiller har eg tenkt på, ein forfattarskap eg held for å vere ein av vår generasjons beste og mest interessante. Eg kan levande sjå for meg ein av Tillers karakterar trykke ei knust flaske inn i andletet på ein irriterande kamerat og vri rundt, levande sjå for meg ein karakter jekke ned dei svikefulle veninnene til dottera med å køyre frå dei på ein bensinstasjon. Aller mest levande ser eg for meg ein Tiller-karakter helle masse salt i middagen svigerfaren tilbereder. Eg ser for meg ein mørk og stur mann opne helletuten på ein pakke jozo-salt og sleppe ein foss av salt opp i gryta, berre for å straffe svigerfaren og hemne seg på han for å vere ein betrevitande og dominerande kødd. Alt dette er sitert frå minnet, eg hugsar ikkje kva som skjedde i kva for bok. Eg trur det er fordi heile forfattarskapen framstår som eit eige univers, der ikkje berre klassemotsetnader har vore sentralt, men også fysisk og psykisk brutalitet.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn
