Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Kron og mynt

Skatteforlik? Nei!

Det Norge treng no, er ein snuoperasjon mot offentleg armod og privat overflod – ikkje eit skatteforlik.

Illustrasjon: Knut Løvås

Det kan neppe vere tvil om at ein viktig grunn til høgresidas nederlag i Stortingsvalet var deira offensive kampanje mot formuesskatten, med solid pengestøtte frå dei rikaste i Norge. På denne bakgrunn er det underleg at finansminister Stoltenberg har invitert dei finanspolitiske talspersonane for alle parti på Stortinget til møte om eit «skatteforlik» den 28. oktober. Det kan synest som at han har late seg skremme av skattemotstanden til dei rike og dei borgarlege partia, trass i deira valnederlag. Med sideblikk til næringslivet sine interesser seier han at formålet med møtet er «hvordan vi kan få til et skatteforlik» (E24, 10. oktober). For å få til dette, meiner han at det trengst (endå) ein skattekommisjon.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen