Uføretrygda må opp
Klassekampen har hatt ei sak om at uføre er fattigare enn før. Dette uroar meg mykje. Eg fryktar at folk ikkje har råd til mat, medisin og naudsyn helsehjelp som lege og fysioterapi. Eg tenkjer òg mykje på dei som er foreldre som har barn som veks opp i fattigdom. No må uføretrygda opp på eit akseptabelt nivå. Ap må vera med SV og gi folk dette viktige løftet som trengst. Samstundes må inntektsgrensa aukast slik at restarbeidsevna kan nyttast utan frykt for trekk i trygd. Det hastar no. Ein har ikkje råd til å venta.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn