Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Kron og mynt

USA abdiserer

Blir Maga-rørsla sitt program realisert, er USAs økonomiske hegemoni historie.

BAK STØYEN: Vi må sjå på kva problem Trump og folka hans tek sikte på å løyse, skriv Rune Skarstein – ikkje minst den massive utanlandsgjelda og avindustrialiseringa deira handelsunderskot har ført med seg. Her frå ei hamn i New Orleans. FOTO: Gerald Herbert, NTB / AP

Media rapporterer uavlateleg om dei rasande politiske stormkasta i Washington: Sjokkerande presidentordrar, rasering av offentlege institusjonar, innføring av svimlande tollsatsar, massiv utskifting av personell i føderale institusjonar og så vidare. Men Trump og Musk og deira eksekutørar handlar ikkje åleine, og dei fleste medier prøver ikkje å gå bak støyen for å finne ut av Maga-rørsla sitt program, og kva problem desse folka tek sikte på å løyse. Mitt korte svar: problemet er det internasjonale valutasystemet. (Ein nøkkel til inngang bak støyen er artiklar av formannen for Trumps Council of Economic Advisers, Stephen Miran.)

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen