Norsk film har fått sin første hovudpris ved ein av dei tre viktigaste A-listefestivalane. Det er ein milepæl som knapt kan overvurderast for norsk filmbransje.
Premieringa av «Drømmer» vil også auka den alt akselererande interessa for andre norske filmar og filmskaparar.
I første rekkje er tildelinga av Gullbjørnen sjølvsagt ein triumf for manusforfattar og regissør Dag Johan Haugerud. For å setja hendinga i perspektiv: Sidan 1956 har prisane ved Berlinalen vorte delte ut av ein internasjonal filmkunstnarjury. Før Haugerud entra scenen i filmpalasset på Marlene Dietrichs Plass 1 laurdag, hadde berre to nordiske regissørar vorte heidra av fagfellar med Gullbjørnen – Ingmar Bergman og Jan Troell.
Haugerud nemnde i takketalen at det var særleg stas å få prisen frå årets juryleiar regissør Todd Haynes («I’m Not There», «Carol», «May December»). Haynes og Haugerud lagar ulike filmar, men Haynes’ sensibilitet som filmkunstnarar finn eit ekko i Haugeruds filmar. Begge skeive regissørar har også interessert seg for uutforska sider ved kvinneroller og utvida registeret for kvinnelege filmskodespelarar.
Gullbjørnen er også ei kroning av Haugeruds unike, skeive filmtrilogi «Sex, Drømmer, Kjærlighet», som alle vart lanserte på norsk kino i løpet av 2024. «Sex» hadde premiere på Berlinalen i fjor, «Kjærlighet» på Venezia-festivalen i september, og det er ei perfekt avrunding at «Drømmer» (som vonleg blir sett opp på kino igjen!) vart tatt ut til hovudprogrammet på Berlinalen i år, der filmen også vann den internasjonale filmkritikarprisen og fekk ein spesialpris frå kunstkinoføderasjonen CICAE.
«På sitt lune og lågmælte vis er ‘Drømmer’ ein politisk film»
Dag Johan Haugeruds humanistiske, ikkje-konfliktorienterte forteljingar er ein filmkunst verda treng akkurat no. Det har Berlinale-juryen forstått. Filmfestivalen i Berlin er kjend for sitt hardtslåande, samfunnsorienterte konkurranseprogram. Ved første augekast kan dramakomedien «Drømmer», som handlar om ei tenåringsjente (Ella Øverbye) som forelskar seg i læraren sin (Selome Emnetu), verka som ein uvanleg Berlinale-vinnar, men filmen forførar sjåaren inn i svært aktuell problematikk.
Når mor og mormor (Ane Dahl Torp og Anne Marit Jacobsen) til jenta les, tolkar og reagerer på hennar intense dagbokskildringar av læraren, gjev det Haugerud stoff eit drama som rører ved mange trigger-tema i vår tids kultur. På sitt lune og lågmælte vis er «Drømmer» ein politisk film om (skeiv) identitet, om ujamne (seksuelle) maktforhold og våre ubendige krav om klåre kategoriar.
Heller enn å svinga ein moraliserande peikefinger til høgre og venstre inviterer «Drømmer» oss til sjølvransaking – utan å bli introvert!
«Drømmer» er kanskje den mest gjennomført litterære av Haugeruds bokinspirerte, idédrivne filmar. I trilogien samtalar Haugerud ikkje berre med andre forfattarar, men med sjølve Bibelen. Tilnærminga til litteratur ligg i stilen og har – i motsetnad til tradisjonelle bokfilmatiseringar – ikkje alltid vore verdsett i Norsk filminstitutt eller bransjen elles.
Også difor er Gullbjørnen viktig. Han er også ein heider til Yngve Sæther, som har produsert alle Haugeruds filmar sidan forfattaren byrja å eksperimentera med kortfilm, og gjort det mogleg for ein av våre få auteurar å halda fram med å utvikla ein heilt eigen filmkunst.