Drøymer om kjernekraftverk
Med finansiering frå Sør-Korea blir den fyrste tomta for eit mogleg norsk kjernekraftverk undersøkt i Austrheim.

4,6 meter ned i jorda treffer boren fast grunn.
– Eg har adrenalin langt opp til øyra, seier Jonny Hesthammer, administrerande direktør i Norsk Kjernekraft AS.
Han har tatt på seg skinnbootsa og står med beina planta i lyngen på ei fleire hundre mål stor kommunal tomt i Austrheim kommune, ikkje langt unna Mongstad nord for Bergen. Han boblar over av entusiasme.
– Me skriv norsk historie, seier Hesthammer.
Fredag skal han møta olje- og energiminister Terje Aasland.
– Me har tatt første spadetak. Me er i gang. Me synest det går for treigt med regjeringa, seier Hesthammer.
Sørkoreansk teknologi
Saman med det sørkoreanske energiselskapet DL Energy er Norsk Kjernekraft AS no i gang med å undersøka om grunnforholda ligg til rette for eit kjernekraftverk på tomta.
Finansieringa av undersøkinga, som kostar fleire millionar kroner, står den sørkoreanske staten for.
– DL Energy søkte om midlar frå den sørkoreanske regjeringa frå eit program dei har. Dette prosjektet er finansiert av Sør-Korea, fortel Hesthammer.
Men grunnundersøkinga i Austrheim er ikkje den einaste grunnen for at Hesthammer smiler bredt. Tysdag signerte Norsk Kjernekraft ein intensjonsavtale med det statseigde selskapet Korea Hydro and Nuclear Power (KNHP).

– Me har blitt einige om er å finna spesifikke lokalitetar i Norge, som kandidatar for å vurdera sørkoreansk teknologi, seier Hesthammer.
Saman med planar i Vardø, Halden, Lyngen og Aure/Heim ligg prosjektet i Austrheim langt i front i kjernekraftkappløpet blant norske kommunar, som Norsk Kjernekraft AS driv framover. Om tomta i Austrheim er eigna, har dei tatt eit langt steg vidare.
Kriblar i ordføraren
Etter at boren har funne fast grunn, skal han to meter vidare ned i fjellet. Det er gneis, påpeiker Hesthammer, som sjølv er geolog.
Neste veke skal dei bora ein annan stad på tomta.
Røyken står ut av boreriggen. Frykta var at dei måtte langt djupare før dei nådde fjellet.
– Dette var ei gladnyheit, seier Hesthammer, som lar John Kickhofel dokumentera hendinga med ein video dei kan legga ut på sosiale medium.

«Dette er kjempespennande. Det kriblar i meg.»
— Morten Sognnes, ordførar (H) i Austrheim
Kickhofel er kjernefysikar og busett i Sveits, der han leiar selskapet Apollo pluss. Selskapet er eit bindeledd mellom Norsk Kjernekraft AS og sørkoreanske DL Energy.
Minst like entusiastisk som Hesthammer er ordførar Morten Sognnes (H).
– Dette er kjempespennande. Det kriblar i meg, seier han.
Neste veke skal formannskapet i Austrheim ta stilling til om dei skal etablera eit kommunalprivat selskap som kan stå for ein eventuell konsesjonssøknad saman med Norsk Kjernekraft, sørkoreanske DL Energy og andre private aktørar. 200.000 kroner vil kommunen gå inn med i første omgang.
Ordføraren har sett seg inn i den moderne kjernekraftteknologien, basert på små modulære reaktorar som Norsk Kjernekraft vil bygga, og er ganske overtydd. Bortsett frå avfallshandteringa ser han få motførestillingar.
– Me må vera på ballen heile tida, seier Sognnes, nyleg var han med Norsk Kjernekraft på ein tur til Sveits, der dei besøkte eit av landets tre operative kjernekraftverk.
Har snudd
Til å bora brønnane er DNV og deira underleverandør, Vestnorsk Brønnboring, engasjert. I gravemaskina sit Kai-Arild Kaland, som også er næraste nabo til tomta som kan få landets fyrste kjernekraftverk.
– I ungdommen var eg mot, no er teknologien ein annan. Eg synest det verkar fornuftig med ei undersøking, seier han.
Det er strenge krav til grunnen der det skal byggast eit kjernekraftverk. I løpet av våren får dei svara dei treng.
– Dette skal tola eit stort jordskjelv, seier Hesthammer.