Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Arbeidsliv

Får støtte av LO-forbund

Forbundsleiaren i Fellesforbundet Jørn Eggum ber om ein grundig gjennomgang av den nye Kielland-rapporten.

– Me meiner det er viktig at politikarane tek ein ordentleg gjennomgang av rapporten.

Det seier Ole Andre Austevoll, rådgjevar i Fellesforbundet, på vegne av leiar Jørn Eggum.

Rapporten om Alexander Kielland-ulykka i 1980 bidrar med ny informasjon om kvifor plattformen sokk så raskt. Rapporten hevdar også at det var alvorlege manglar i granskinga av ulykka, der 123 oljearbeidarar mista livet.

Mange av dei omkomne var med i LO-forbundet Jern og Metall, som seinare blei ein del av Fellesforbundet. Sjølv håpar Kielland-nettverket at dei overlevande og etterkomarane kan få ei kompensasjonsordning i tråd med nordsjødykkarane og oljepionerane. Viss ikkje saksøker dei staten.

Vil ikkje konkludere

Fellesforbundet poengterer at dei ikkje vil konkludere i saka eller kommentera eit eventuelt søksmål mot staten no.

– Viss det kjem fram nye opplysingar, er det klart at dei berørte må få ei rettferdig handsaming, på lik line med nordsjødykkarane, seier Austevoll.

LO-forbundet Styrke, som organiserer oljearbeidarar, meiner også det er viktig at styresmaktene vurderer innhaldet i den nye rapporten, men vil utover det ikkje kommentera saka. Heller ikkje LO vil uttala seg.

Støtte frå Safe og Nito

Arbeidstakarforeininga Safe (YS), som også organiserer oljearbeidarar, gir Kielland-nettverket full støtte i kompensasjonskravet, ifølge forbundssekretær Idar Martin Herland, som sjølv sit i Kielland-nettverket.

Også Nito støttar ei kompensasjonsording til ofra.

Prematurt: Det er for tidleg å seia noko om kompensasjon, seier Jørn Eggum. Foto: Hanne M. L. Solbø

– Me har stått 100 prosent på sida til dei overlevne og etterlatne heile tida, seier Jorunn Birkeland, som sit i Kjelland-nettverket for Nito.

Nito kjempa for å få i stand ei ny gransking i 2021, etter at Riksrevisjonen hadde levert rapporten til Stortinget om dei same opplysningane som den nye rapporten legg vekt på.

Peiker på Stortinget

Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) sa i går til Stortinget at departementet skal gjera ei vurdering av i kva grad det kjem fram informasjon som fråviker frå tidlegare i den nye rapporten. Han viste til at Stortinget i 2021 vedtok å ikkje gå i gang med ei ny gransking, og at det er Stortinget som må vurdera det spørsmålet på nytt.

Raudt varslar at dei vil be regjeringa begynna arbeidet med ei erstatningsordning, truleg med SV og Frp. Spørsmålet er om regjeringspartia Sp og Ap vil gi forslaget fleirtal.