Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Vi noterer

... at Svenska Barnboksakademien har laga leseliste – for vaksne! Heretter heiter det ikkje kjenn deg sjølv, men kjenn barnet ditt: På lista finn ein boktips frå i år meint for å bøte på den drastisk minkande lesinga av barne- og ungdomsbøker blant vaksne. Her på berget noterer vi at Nora Dåsnes’ «Ubesvart anrop» var einaste norske bok, men du skal få eit ekstratips frå oss: Etter at juletreet er hogd og pynta, gåvene er pakka inn og opp, juleribba er forberedd og fortæra og ungane omsider har falle i søvn, kan du søkke ned i godstolen med Anna Fiskes ferske myldrebok «Hallo natta!»