Du kan bla til neste sideBla med piltastene

KS-styreleiar Gunn Marit Helgesen vil prøva alt for å få ned sjukefråværet i kommunane. Ho synest ei bonusordning for friske er spennande.

KS open for bonusordning

OPEN FOR BONUS: Gunn Marit Helgesen er styreleiar i KS, kommunesektoren sin organisasjon. Ho er interessert i alle forslag som kan få ned sjukefråværet i Kommune-Norge. Foto: Tom Henning Bratlie

Nestleiar i Framstegspartiet Terje Søviknes vil gjera forsøk med ei bonusordning for å få ned sjukefråværet blant kommunalt tilsette i heimkommunen Bjørnafjorden. Tanken er å la dei som held seg friske få litt ekstra betalt.