Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kor kjem han frå, ideen om at du kan mishandla barn til å bli som folk, som europeiske, kristne kyrkjer har praktisert både heime og ute?

Urfolksproblemet

Eksistensiell reise: Regissør Julian Brave NoiseCat (t.h.) og faren Ed Archie NoiseCat reiser tilbake til skoleheimen St. Joseph’s Mission, som har prega liva til alle i lokalsamfunnet og der Ed vart fødd. Foto: Emily Kassie/Sugarcane Film LLC

Sugarcane

(Canada, 2024) Regi: Julian Brave NoiseCat, Emily Kassie Dokumentar/ 1t. 47min./ National Geographic, Disney pluss frå 10. desember

Berre suset frå insekt er å høyra medan kamera viser oss eit ope, forfalle kulturlandskap. Barskogåsar og bjørkelundar rammar inn den tørre, gulnande grassletta der korkje menneske eller dyr er å sjå. Varsamt nærmar filmskaparane seg noko som først liknar ein øydegard med stor låve, men så gjev staden seg til kjenne i det upersonlege internatbygget og den forsømte kyrkjegarden. Naturen er i ferd med å ta tilbake den isolerte, nedlagde skoleheimen for canadiske urfolksbarn, men melankolien i bilda fortel om ei sorg som – bokstavleg tala – må spas opp av jorda for at menneska som mot sin vilje har budd her, skal få fred.