Sugarcane
(Canada, 2024) Regi: Julian Brave NoiseCat, Emily Kassie Dokumentar/ 1t. 47min./ National Geographic, Disney pluss frå 10. desember
Berre suset frå insekt er å høyra medan kamera viser oss eit ope, forfalle kulturlandskap. Barskogåsar og bjørkelundar rammar inn den tørre, gulnande grassletta der korkje menneske eller dyr er å sjå. Varsamt nærmar filmskaparane seg noko som først liknar ein øydegard med stor låve, men så gjev staden seg til kjenne i det upersonlege internatbygget og den forsømte kyrkjegarden. Naturen er i ferd med å ta tilbake den isolerte, nedlagde skoleheimen for canadiske urfolksbarn, men melankolien i bilda fortel om ei sorg som – bokstavleg tala – må spas opp av jorda for at menneska som mot sin vilje har budd her, skal få fred.