Synleg forsvinning
I Alice Oswalds «Minnesmerke» skin Iliadens krigsskildringar gjennom og inn i vår tid.


Alice Oswald
Minnesmerke
Gjendikta av Pedro Carmona-Alvarez
Kolon Forlag 2024, 94 sider
Alice Oswalds «Minnesmerke» har undertittelen «En utgravning av Iliaden», og opnar med ei namnetavle over diktets døde som strekkjer seg over åtte sider. Å opne boka er som å stille seg framfor eit krigsmonument, der 200 namn, stava i store bokstavar, slår mot deg med dumpe drønn frå boksidene. Vanlegvis går ein vidare i verda etter å ha stått ei stund framfor eit slikt monument. Oswald byrjar i staden å grave ut namn etter namn, liv for liv, i komprimerte soldatbiografiar som er parafrasar av Homers epos – og som alle uunngåeleg endar i død. Som i vekselsong spenner ho samstundes ein poetisk boge over liva deira gjennom frie gjendiktingar av similar frå Iliaden – død etter død blir samanlikna, gjerne med noko frå naturen eller dyreriket, via ordet «lik» eller «som».
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn