Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ei utfyllande okkupasjonshistorie.

Tragisk angjevar

Arvesynd: Fredrik Lie og Marte Hallem. Foto: Storytelling Media

Rinnans rival

Regi og manus: Marte Hallem Dokumentar/ 1t. 27min./ Kino

Tittelen «Rinnans rival» seier effektivt at det her skal handla om ein som utfordra Henry Rinnan som den mest notoriske, norske agenten i Gestapos teneste. Det den tabloide tittelen skjuler, men som den interessante dokumentaren fortel, er at mannen det er snakk om, Karl Adding (1913–43), var eit heilt anna menneske enn den frykta torturisten og bandeleiaren.