Rinnans rival
Regi og manus: Marte Hallem Dokumentar/ 1t. 27min./ Kino
Tittelen «Rinnans rival» seier effektivt at det her skal handla om ein som utfordra Henry Rinnan som den mest notoriske, norske agenten i Gestapos teneste. Det den tabloide tittelen skjuler, men som den interessante dokumentaren fortel, er at mannen det er snakk om, Karl Adding (1913–43), var eit heilt anna menneske enn den frykta torturisten og bandeleiaren.