Man skal ikke være så redd for at ting blir borte, sa kunstner Elise Storsveen til Klassekampen tidlig i vår.
At kunstverk i bybildet blir borte, er av og til uunngåelig. Det betyr ikke at vi kan gi blaffen i opphavsretten.
Astrid Lindgrens ånd er berre tidvis til stades i animasjonsfilmar av varierande kvalitet.
(Noreg/ Sverige, 2024) Regi: Are Austnes, Yaprak Morali Manus:Are Austnes og Mina Juni Stenebråten etter Astrid Lindgrens forteljingar Barnefilm / Animasjon/ For alle/ 52 min./ Kino
Astrid Lindgren og jul høyrer saman. Få har som den store forfattaren levandegjort julebodskapen og nordiske juletradisjonar for barn. Mange vil nok minnast Pippis julestri med rundvask og peparkakebaking og ikkje minst Emils jul i Lønneberget. Forteljinga om Emil som lagar julekalas for dei gamle på fattighuset og gjev den griske fattighusbestyraren «Kommandoran» ein lærepenge ho seint vil gløyma, er Dickens på smålandsk.