Det var i den tida då mennene hadde hatt og gabardinfrakk, at farmor og farfar heldt avskilsselskap for den mellomste sonen, som skulle reisa til Canada. Eg sat på kanten av divanen og såg at midt ute på stovegolvet hadde to vaksne menneske innteke ein positur som eg aldri før hadde sett: Farbror Lars stod med baksida av gabardinfrakken vend mot meg, med armane til farmor på tvers over akslene. Ansikta deira kunne eg ikkje sjå, men eg høyrde at ho klaga med gråt i stemma over at ho skulle mista han, og at han svarte med ein slags latter sa at ho ikkje skulle ta sånn på veg. Så var han ute or huset med hatt og frakk og koffert og inn i ein bil og borte vekk i årevis.
Du kan bla til neste sideBla med piltastene