Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kva er det med sjukelønsdebatten?

Her har statlege myndigheiter og andre innført ope kontorlandskap trass klare åtvaringar frå Arbeidstilsynet og mange andre på førehand om at sjukefråveret ville gå opp. Vi har hatt ein pandemi som har ført til at alle vert oppmoda om å halde seg heime om dei har forkjølingssymptom, og dødsraten har auka etter pandemien, jamfør verknadene av langcovid. Ein har øydelagt fleire år av ungdomsåra for alle ungdomar i landet ved å stengje ned skulane truleg heilt unødvendig i fleire månader i 2020. Og så er «alle» forbausa over at sjukefråveret har gått opp, spesielt blant unge som slit psykisk? Hallo!