Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ungane har fått digitale krykker i staden for sjumilsstøvlar.

Kortvarig glede

I leseboka for folkeskulen stod det ei oppbyggjeleg lita forteljing om ein bortskjemd smågut som alltid fekk det han ville ha, heilt til han fekk som fortent. Det skjedde etter at ein annan gut var komen heim frå sjukehuset, og svingte seg så spenstig på dei nye krykkene sine at alle dei andre ungane tigga om å få låna dei. Då forstod den bortskjemde at skulle livet vera verdt å leva, måtte han òg ha krykker. Han la det fram for bestefaren, som prøvde å få han på betre tankar med å tilby eit par stylter, men den bortskjemde skreik så fælt at det var ikkje anna råd enn å gje han det han ville ha. Men då han i stor triumf hinka bortover vegen, blei han stansa av ei gamal bygdekvinne som tok krykkene frå han og knekte dei over kneet.