Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Det vert kamp om toppen på SV-lista i Hordaland. Det vert eit val mellom arbeidsliv og klima som hovudsak.

Kven tar Lysbakkens plass?

Nominasjonskamp: Sara Bell (på biletet) og Marthe Hammer vil begge ha den ledige plassen på toppen av SV-lista når Audun Lysbakken gjev seg. Dei er ikkje usamde om mykje, men trekkjer fram arbeidsliv og klima som kvar sine toppsaker. Foto: Martin Årseth

Audun Lysbakken kom inn på Stortinget 23 år gamal i 2001. Den gongen stod han bak Ågot Valle på lista. Men sidan ho gav seg i 2009, har han stått øvst. Heile den tida har det vore fredfullt om topp-plasseringa når SV har snikra saman nominasjons­liste.