Nominasjonskamp: Sara Bell (på biletet) og Marthe Hammer vil begge ha den ledige plassen på toppen av SV-lista når Audun Lysbakken gjev seg. Dei er ikkje usamde om mykje, men trekkjer fram arbeidsliv og klima som kvar sine toppsaker. Foto: Martin Årseth
Audun Lysbakken kom inn på Stortinget 23 år gamal i 2001. Den gongen stod han bak Ågot Valle på lista. Men sidan ho gav seg i 2009, har han stått øvst. Heile den tida har det vore fredfullt om topp-plasseringa når SV har snikra saman nominasjonsliste.