Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Manar Haxen Alkhodari visste ikkje korleis ho skulle få fullført medisingraden sin, etter opphaldsavslag frå UDI. Så greip statsministeren inn.

Jubel for Gaza-studentane

Godkjend: Khaled Alqedrah, Kamal Alqedrah, Farah Miqdad, Manar Alkhodari, Khamis Sadouni og Karim Alnajjar på sjukehuset Al Shifa, som no er øydelagt etter israelske angrep. Miqdad og Alkhodari får likevel fullføre medisingraden sin i Noreg. Foto: Privat

Medisinstudentar frå Gaza har ikkje lenger moglegheit til å fullføre studia sine ved Al Azar-universitetet i Gaza. Då Universitetet i Oslo(UiO) sa at dei ville la studentane ta det neste semesteret sitt hos seg, søkte studentane opphald i Noreg. Men UDI sa nei. Dei meinte det var fare for at studentane ikkje ville reise frå Noreg igjen etter opphaldet på grunn av krigen i Gaza.