Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Gamle kulturar slit med gamle traume.

Avvist av far

I sjuande klasse las me kyrkjehistorie, heldigvis ei ganske tynn bok, med forteljingar om dei som hadde lært oss å tenkja på den rette måten. Hovudpersonen var Martin Luther. Attmed portrettet av ein tjukk mann, den same som på omslaget av katekisma, var det ein smal tekst som sa at han blei fødd i Eisleben i Tyskland i 1483. Eg trur òg at det stod at han hadde ein streng far, utan at det blei trekt noka direkte linje til den kjensla av å vera i unåde hos Gud og dømd til evig straff i helvete som formørka ungdomsåra hans. Men det var i alle fall gjort grundig greie for korleis han tukta det syndige kjøtet sitt for å gjera Vårherre til lags, og kor godt det var for han då han forstod at det var nok at han trudde på Jesus, så ville han bli frelst og koma til himmelen.