Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Når fedrene til Nina og Mehdi blir arbeidslause, tar barna opp kampen mot arbeidslivskrim!

Kunst og kamp

Fantasirik familie: Far Vincent teiknar og fortel så godt på sengekanten til Nina at piggsvinet blir levande, men alt endrar seg når han mistar jobben. Foto: AWE

Nina og pinnsvinets hemmelighet

(Nina et le secret du hérisson, Frankrike, 2023) Regi: Jean-Loup Felicioli, Alain Gagnol Manus: Alain Gagnol Animasjon/ 1 t. 22 min./ Norsk tale/ 6 år/ Kino

Livet blir snudd om for bestevenene og naboane Nina og Mehdi når fabrikken fedrane deira arbeider på, blir lagt ned. Dei vaksne prøver å verna tiåringane frå dramatikken, men etter at ein vår med streik og okkupasjon av arbeidsplassen ikkje vinn fram, kan det ikkje lenger skjulast at sommarferieplanar må avlysast og at den foreldrebetalte skolelunsjen står i fare.