Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ei tidvis god og velspela filmatisering av Kim Leines «Kalak» bryt saman i ein klisjé.

Reduserer romanen

Seg sjølv nok: Jan (Emil Johnsen) saman med Karina (Berda Larsen) – ei av mange grønlandske kvinner han utnyttar. Foto: Mer Film

Kalak

(Danmark, 2023) Regi: Isabella Eklöf Manus: Kim Leine, Isabella Eklöf, Sissel Dalsgaard Thomsen Drama/ 2 t./ Kino

Utan førevarsel opnar «Kalak» med ein svært eksplisitt overgrepsscene. Vi veit enno ikkje at den eldre mannen som forgrip seg på ein sovande tenåring, er far til den unge mannen. Men det er lett å forstå at vi ikkje er vitne til ei handling mellom to samtykkande vaksne. Overgrepet, datert til København 1984, er «urscenen» i filmforteljinga.