Kalak
(Danmark, 2023) Regi: Isabella Eklöf Manus: Kim Leine, Isabella Eklöf, Sissel Dalsgaard Thomsen Drama/ 2 t./ Kino
Utan førevarsel opnar «Kalak» med ein svært eksplisitt overgrepsscene. Vi veit enno ikkje at den eldre mannen som forgrip seg på ein sovande tenåring, er far til den unge mannen. Men det er lett å forstå at vi ikkje er vitne til ei handling mellom to samtykkande vaksne. Overgrepet, datert til København 1984, er «urscenen» i filmforteljinga.