Neseblod, den famøse metall-platesjappa i Gamlebyen i Oslo, begynte å brenna tysdag kveld. Neseblod ligg delvis i dei gamle lokala til Helvete, platebutikken som Øystein «Euronymous» Aarseth frå Mayhem starta i 1991. I skrivande stund er det uklart kva som har skjedd, og kva og eventuelt kor mykje som har gått tapt. Slurva nokon med sneipen? Eller, for å gå inn i konspiland: Var det nokon hemntørste sjeler som ville at svartmetallmiljøet skulle smaka sin eigen medisin etter nittitalets kyrkjebrenning?
Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Amy Winehouse var både geni og tragedie. Men kven treng eigentleg ein ny biopic?
Kvil i fred?
Essay
Slik eg hugsar det, var Amy Winehouse mitt første møte med soul. Det er sikkert ikkje hundre prosent rett, men neppe veldig langt frå sanninga. R&B-en frå tidleg 2000-tal – Destiny’s Child, Usher og den gjengen – var eg sjølvsagt både eksponert for og glad i, utan at eg på noko vis skjøna kva songane handla om. Men då eg høyrde «Rehab» første gongen i 2006, året eg fylte 12, hadde eg aldri høyrt noko liknande.