Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Håvard Bustnes er festivalklar med film om Helge Ingstads eventyr i Sierra Madre.

Oppdaga eigen naivitet

Kolonialismens spøkjelse: Helge Ingstad-entusiast Lars K. Andersen og Geronimos oldebarn Pius LaCroix-Garcia guidar oss i Håvard Bustnes’ festivalklare dokumentar «Phantoms of the Sierra Madre». Foto: Havard Bustnes, UpNorth Film

I «Trond Giske – Makta rår» var filmskapar Håvard Bustnes med den kontroversielle Ap-politikaren på campingvognturne i Trøndelag. I sin nye film «Phantoms of the Sierra Madre» har Bustnes reist til Mexico og følgt etter Helge Ingstad der han søkte stoff til boka «Apache-indianerne – jakten på den tapte stamme» (1939). Det prosjektet gjorde at regissøren sjølv vart kontroversiell, og at filmen vart noko heilt anna enn det Bustnes hadde tenkt.