Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Dressen

Eg hadde slite i ein jobb med slipstvang eller dress som arbeidsklede. Heldigvis jobbar eg i ein bransje som tradisjonelt er blant dei meir sjuskete innanfor kontorjobbar. Ein skal kle seg sånn at ein kan intervjue statsministeren, for ein veit aldri kva dagen bringar, fritt sitert etter redaktør i Aftenposten Trine Eilertsen. Sist eg intervjua statsministeren, hadde eg Brann-t-skjorte med teksten «kokende idioter» på meg.