Då eg var lita, las eg det meste eg kom over. Eg innbiller meg at inga formidling var nødvendig for min del, ettersom eg var så interessert sjølv. Eg leste teikneseriar, Starlet og Penny, eg var medlem av TL-klubben, eg gjekk på biblioteket, eg var medlem av raud marihøne, blå marihøne og ungdomsbokklubben. Eg leste «Dei må ikkje skyta Garm» og «Bjednekniven» på skulebiblioteket, eg leste «Victoria» av Hamsun frå bokhylla heime, lenge før eg var gamal nok til å forstå noko som helst av den. Ikkje minst leste eg alle bøkene i serien Nord og Sør, som også gjekk på tv med Patrick Swayze som Orry, eg las nok dei bøkene fleire gongar, i alle fall finst dei framleis i ei bokhylle med brun teip på ryggen av minst to av seks bind.
Eg har ikkje lukkast med å få fram den same lesegleda i mine barn som det eg sjølv hadde. Men har ikkje det offentlege òg eit ansvar?
Meir enn nokon gong treng vi sterke, tilgjengelege litteraturhus
Signert