Nokre vert irriterte over korleis Odvar Nordli, Trygve Bratteli og Reiulf Steen vert framstilte i tv-serien «Makta» på NRK. Eg vil tru det særleg gjeld nokre lesarar av denne avisa, sidan dei tre representerer venstresida og framstår både forfylla, svake og rare samanlikna med ho som representerer høgresida i partiet.
Det er uansett eit godt høve til å lese nokre av tekstane til Reiulf Steen, no som vi har han klart i minnet etter denne populære serien. Eg vil tru at han kanskje er den Arbeidarparti-leiraren som har skrive best, men den einaste andre Ap-leiaren eg har lese lengre tekstar av, er Jens Stoltenberg. Sjølvbiografien hans er ganske bra, tykkjer eg, men Reiulf Steen er likevel på eit anna nivå.
I ein periode på halvanna år var Steen fast spaltist i spalta «Fokus» i Klassekampen, og på dei moderne og funksjonelle internettsidene til avisa er det lett å finne fram til alle desse tekstane ved å søkje på namnet til forfattaren og så velje tekstar skrive av «Reiulf Steen». Der kan ein til dømes lese ein liten polemikk han hadde om marxisme med Henrik Ormåsen frå Tjen Folket, eller ein tekst om kvifor han er så glad i Rosa Luxemburg. Om ein vil lese nokre av bøkene til Steen, kan eg særleg tilrå hans fantastiske bok om Chile, som heiter «Ines og det elskede landet». Og den idehistoriske gjennomgangen av arbeidarrørslas historie som heiter «Ørnen har landet» er også veldig god, om du spør meg.
Skole
Inviterer til krisemøte
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) vil ha mer kontroll på digitaliseringen i skolen. I dag inviterer hun til møte om Pisa-tallene.
Dårlig: Forsker og prosjektleder for Pisa i Norge Fredrik Jensen sammen med kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) i Plenumssalen i Kunnskapsdepartementet i går. Der ble resultatene fra Pisa-undersøkelsen 2022 lagt fram. Foto: Stian Lysberg Solum, NTB
– Politikerne har latt digitaliseringen skyte fart uten å stille de riktige kontrollspørsmålene.
Det sa kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) etter at funnene i Pisa-undersøkelsen 2022 ble lagt fram på en pressekonferanse i går.
I rapporten kom det fram at norske 15-åringer aldri har prestert dårligere i matematikk, lesing og naturfag.
Den viser også en betydelig økning i flere lavtpresterende elever: Fra 19 til 31 prosent i matematikk og fra 19 til 27 prosent i lesing.
Mange lavtpresterende
Samlet sett er det nå 41 prosent av de norske elevene som kan betegnes som lavtpresterende i ett eller flere fagområder.
Undersøkelsen viser også økende forskjell i prestasjoner mellom elever med høy og lav sosioøkonomisk bakgrunn.
Samler gode krefter
Mange forklarer de dårlige resultatene med at 15-åringene ble målt etter tre års skolegang som var prega av smitteverntiltak. Utdanningsministeren la ikke avgjørende vekt på det da hun kommenterte resultatene i går. Hun viste til at i forhold til de fleste OECD-landene, hadde Norge en langt kortere nasjonal skolestenging.
– Det er viktig å si at den negative utviklingen startet før covid, sa Nordtun.
Hun viste blant til at norske barn leser mindre og dårligere, ifølge den internasjonale undersøkelsen PIRLS.
– Jeg er bekymret, sa Nordtun.
Hun inviterte til et møte med lærerorganisasjonene og skoleledere, som skal holdes i dag. Der vil hun blant annet få innspill til hvordan best rette en ekstra innsats i matematikk og naturfag.
– Så skal vi få bedre kontroll på digitaliseringen i skolen, sa kunnskapsministeren og lovte å fjerne forstyrrende elementer fra klasserommet – og flere fysiske lærebøker.
Frykter forbud
– Våre medlemmer ønsker et handlingsrom for å bruke digitale verktøy. Det skal reguleres lokalt, sier Steffen Handal, leder i Utdanningsforbundet.
Han ser fram til å diskutere Pisa-tall og skjermbruk med kunnskapsministeren i dag. Han ser også fram til en samtale om hvordan skolen kan bli mer praktisk og hvordan få flere lærerutdanna lærere i undervisningsstillinger på skolene.
– Jeg gleder meg til møtet.
– Hva er Utdanningsforbundets mening om skjermbruk og mobilbruk?
– At det skal avgjøres lokalt.
– Vi trenger rett og slett et samarbeid om skjermbruk der foreldrene også bidrar og setter grenser. Det jeg er redd for, er at vi skal komme med forbudsløsninger. For det er ikke veien å gå.
Bygg
Byggekrisa kostar mange jobben
På arbeidsplassen til Thomas Broström har fleire mista jobben. Den verste tida er framfor oss, seier Byggenæringens Landsforening.
Uroleg: Thomas Broström, klubbleiar i byggefirmaet Con-form, har allereie måtte vere med på å vinke farvel til kollegaer. Han fryktar det vil bli meir av det framover.
Thomas Broström er klubbleiar i byggefirmaet Con-Form, som allereie har merka bustadkrisa. Av rundt 120 arbeidarar er berre rundt halvparten no i arbeid på eigne prosjekt. Resten er enten utleigd, permittert eller oppsagt.
– Eg er redd vi ikkje har nådd botnen endå. Eg er redd vi kjem til å miste mykje kompetanse i byggebransjen, seier Broström.
– Burde ha lært
Con-Form jobbar hovudsakleg med betongstøyping i bygging av leilegheiter og er ramma hardt av nedgangen i bustadsektoren.
– Alt har gått opp, materialprisar, renter, elprisar. Folk har ikkje hatt råd til å kjøpe nye leilegheiter. Vi har hatt prosjekt som byggherrane har lagt på is, seier han.
Det er tøft å måtte ta dei tunge samtalane med leiinga når bedrifta må nedbemanne, fortel han.
– Det er ikkje morosamt verken for leiinga eller oss. Det er jo arbeidskameratar vi jobbar saman med, som må gå.
Broström håper inderleg at Noregs Bank lar renta ligge på desembermøtet og ønsker seg at regjeringa opnar for å utvide permitteringsperioden til 52 veker. I dag kan ein berre vere permittert i 26 veker.
– Vi burde ha lært av tidlegare kriser. Eg er ikkje politikar, men eg er skuffa over at regjeringa ikkje gjer meir, seier han.
Trur det blir verre
Nav melde førre månad at talet på arbeidsledige i bygg og anlegg hadde auka med 37 prosent sidan oktober i fjor. No melder dei at auken sidan november i fjor er på 42 prosent.
– Dei vi no ser på ledigheitstatistikken, blei sagt opp i september. Det er historiske tal, seier administrerande direktør i Byggenæringens Landsforening (BNL), Nina Solli. Ho er uroa for vinteren.
– Dette har vi varsla lenge og prognosane … Det verste er framfor oss. Dessverre.
På tysdag besøkte ein samla byggenæring den nye kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp), for å orientere om stoda i bransjen. Dei har blant anna ønska at kommunane skal ta meir ansvar gjennom å halde fram med planlagde byggeprosjekt, trass i auka kostnadar.
Solli ser på det endelege statsbudsjettet som ei handsrekning til byggenæringa.
Regjeringa aukar utlånsramma til husbanken med 5 milliardar, gir 700 millionar til energieffektivisering og bruker 300 millionar på vedlikehald på jernbane.
– Det er noko som kan gi aktivitet allereie i 2024, seier ho.
«Det er historiske tal.»
— Nina Solli, Byggenæringens Landsforening
– Men den verste tida er framfor oss om vi ser på prognosane våre. Lediggangen vil auke, så det er svært viktig no med vidare dialog og verkemiddel som kan avgrense den nedturen, legg ho til.
Vil endre regelverket
Solli er mest lei seg for at dei ikkje fekk endringane i permitteringsregelverket dei hadde ønska seg. Forslaget er å auke dette frå 26 til 52 veker, i tillegg til å senke den initielle perioden der arbeidsgivar må betale lønn frå 15 til 5 dagar.
– Vi har eit historisk strengt permitteringsregelverk. Det er det viktig at vi opnar opp, sånn at vi ikkje mistar for mykje kompetanse. Bedriftene må gå rett på oppseiing, for det er ingen som trur at det vil snu innan eit halvt år.
Raudts Mímir Kristjánsson har også levert eit liknande forslag på Stortinget. Raudt vil be regjeringa om å:
« … umiddelbart forlenge permitteringsperioden for bygg- og anleggsbransjen og eventuelle andre konjunkturutsatte bransjer som opplever særlig stor nedgang i aktiviteten som følge av økte kostnader.»
Solli er likevel positiv til møtet med Erling Sande, som også kallar seg sjølv for «bustadminister».
– Vi treng ein ambassadør no, som kan jobbe på tvers av departementa. Det set vi veldig stor pris på, for verkemiddel for byggenæringa gjeld veldig mange departement.
«Bustadsministeren»
Det var mange inntrykk for Sande på dagens møte. I tillegg til BNL møtte han Norsk Eiendom, Norske Boligbyggelags Landsforbund, Obos, Eiendom Norge, Direktoratet for byggkvalitet og Husbanken.
– Eg opplever at dei ser at vi er i gang og prøver å finne gode tiltak, men så var det og ei rekke forslag. Det var så mange at eg nesten ikkje fekk tid til å notere alle – til kva vi kan gjere av ytterlegare grep, seier Sande.
Han seier han vil ta med seg tilbakemeldingane, gå gjennom innspela og snakke både til andre departement og til kommunane om korleis dei kan skape meir aktivitet.
– Situasjonen er krevjande. Det er ei verkelegheitsoppfatning som eg deler. Kanskje blir det endå meir krevjande.