Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Vi noterer

... at no på måndag ville Torborg Nedreaas ha fylt 117 år, og det aldri kvilande Torborg Nedreaas-selskapet inviterer til feiring. Romanen «Av måneskinn gror det ingenting» blei nyleg innlemma i venstresidas kanon, både på jury- og lesarlista, men på Litteraturhuset i Bergen er det novellene som gjeld: Det blir panelsamtale og framsyning av Vibeke Løkkebergs filmatisering av novella «Regn» frå «Trylleglasset» (1950). Årets Nedreaas-stipend skal òg utlysast, så her er det gode sjansar til å gå heim rikare enn du kom.