Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Vi noterer

... at unde r fotballkampen mellom Brann og Molde sist laurdag (3-2) leverte Brann-fansen tifo i topp-, eller rettare sagt nobelklasse. "Gullet kjem til å kome" stod det på eit banner med det noble åsynet til Jon Fosse. Fosse har ikkje berre fint å seie om Bergen, verken om teateret eller målforma der, men hyllesten på stadion likte han: "Dette overgår alt", sa han til Bergens­avisen. Banneret skal no naturlegvis hengast på eit bedehus i Strandebarm (også kjent som Fosse-huset). Så håpar vi at bergensarane finn seg ei målform som kan matche Brann si målform denne sesongen.