Vi noterer
... at unde r fotballkampen mellom Brann og Molde sist laurdag (3-2) leverte Brann-fansen tifo i topp-, eller rettare sagt nobelklasse. "Gullet kjem til å kome" stod det på eit banner med det noble åsynet til Jon Fosse. Fosse har ikkje berre fint å seie om Bergen, verken om teateret eller målforma der, men hyllesten på stadion likte han: "Dette overgår alt", sa han til Bergensavisen. Banneret skal no naturlegvis hengast på eit bedehus i Strandebarm (også kjent som Fosse-huset). Så håpar vi at bergensarane finn seg ei målform som kan matche Brann si målform denne sesongen.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent