Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Valet

I Alver kommune fekk dei fire borgarlege partia Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Kristeleg folkeparti fleirtal. I motsetnad til andre stadar, som i Oslo eller Bergen, hadde dei ingen problem med å verte samde. Dei vart tidleg samde om både posisjonar og politikk og presenterte ordførar, varaordførar og ei politisk plattform. Det var berre eitt problem. Tre veker etter valet melde to Høgre-representantar seg ut av partiet, som har vore mykje omtalt i lokalavisene Avisa Nordhordland og Strilen.