Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Valet 2023

Warncke blir ny ordførar

Bergen har fått seg ordførar, men politikken frå det nye byrådet lèt framleis vente på seg.

Klar: Mangeårig direktør for Bergen næringsråd Marit Warncke (H) vert ny ordførar i Bergen.

Ein skal vere glad så lenge ein slepp å ta hotellrekninga for Bergen Høgre, for dei har sidan 22. september låst seg inne på Klosterhagen hotell i Bergen for å meisle ut eit fleirtal for kva retning dei skal ta Bergen i.

Den retninga må vi vente enno litt på, for etter at komande byrådsleiar Christine Meyer (H) presenterte komande ordførar og varaordførar Marit Warncke (H) og Thomas Flesland (Sp) i går, svarte ho slik på når politikken kjem:

– Det tek ei lita stund til. Eg vil ikkje seie kor lenge, men det vert ikkje på onsdag.

Onsdag skal det nye bystyret konstituere seg, som vil seie å velje ordførar og varaordførar og posisjonar i bystyret. Komande ordførar Warncke seier spøkefullt at ho «får håpe vi blir vald på onsdag, då». Det er nemleg ein stor kabal som skal på plass.

I utvala er det tolv heiltidsstillingar som leiarar og nestleiarar, som partia fordeler mellom seg, men det er snakk om at dei borgarlege partia vil utvide det med ei stilling. I tillegg er det sju posisjonar i byrådet som dei forhandlar om.

– Er det kjekkare å vere varaordførar enn byråd, Thomas Flesland?

– Eg er veldig takksam for å få vere varaordførar. Det er ikkje mange som får vere det. For Senterpartiet er det historisk og eg vil løfte fram alt det gode vi har som ambassadør for byen.

Komande ordførar Warncke kjem frå stillinga som direktør i Bergen næringsråd og det kunne høyrest ut som ho framleis hadde den jobben då ho i går presenterte sine tankar om ordførarvervet.

– Eg vil vere ein sterk talsperson for Bergen som hovudstaden på Vestlandet. Om ikkje Bergen talar Vestlandet si sak, kven skal då gjere det? Det gjeld infrastruktur, utdanning, at Vestlandet står samla overfor Stortinget i viktige saker.