Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Palestina

Ein gong tok eg taxi frå Amman i Jordan til Jerusalem. Det er berre nokre av dei jordanske drosjesjåførane som har israelske skilt, som du må ha for å krysse grensa ved Jordanelva. Eg gjekk gatelangs i den jordanske hovudstaden og spurte etter ein sjåfør som kunne køyre meg til Israel, men eg skjønte ganske fort at det ikkje er eit omgrep som vert nytta av folk der om landet mellom daudehavet og Middelhavet. Eg fann derimot ein sjåfør som sa at han kunne køyre meg til Palestina, også dei delane av Palestina der det bur jødar. Han synte meg staden i elva der døyparen Johannes skal ha døypt Jesus, men seinare las eg at mange meiner at straumane i Jordanelva er for strie til at det kan stemme.