Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Tillit

Kvar gong eg har sett øydeleggande stormar, jordskjelv, flaumar, jordras og tsunamiar frå utlandet, har eg alltid kjent på å vere glad for å bu i Noreg. Heldigvis er det ikkje særleg med naturkatastrofar her, har eg tenkt. Eg har stolt på naturen, på vårt forhold til naturen, og på at vegar, hus og bygg toler at vêret blir hardt iblant. Eg vaks opp i fjorden filmen «Bølgen» er inspirert av. Sjølv om eg kvar dag har sett bort på fjellet som ein dag skal ramle ned i fjorden, har eg stolt på at varslingssystema vil fungere og at det skal gå bra med oss alle.