Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Nyvalet

Mange bergensarar har lært seg omgrepet «negativ parlamentarisme» i den statsvitskaplege folkeopplysinga som går føre seg i byen om dagen. Det er systemet vi har i Noreg, der dei som har størst sjanse for å ikkje få fleirtal mot seg, dannar regjering. Det skil oss frå til dømes Sverige og Tyskland, der regjeringa må ha fleirtal bak seg. Dette er grunnen til at byrådsleiar Rune Bakervik (Ap) ventar med å gå av til Christine Meyer (H) viser fram eit fleirtal mot han.