and the king said, what a FANTASTIC MACHINE
(Sverige, 2023) Regi: Axel Danielson & Maximilien Van Aertryck Dokumentar/ 1t. 25min./ Kino
Bak ein mystisk og omstendeleg tittel finst ein lettfatteleg og poengtert film om viktige spørsmål: Korleis blir menneska endra av bildemedieteknologien? Dei som synest det lyd som ei møllspist O-fagoppgåve på papir, kan pusta ut i trygg forvissing om at «and the king said, what a FANTASTIC MACHINE» har så rask klipperytme, er så underhaldande og gjer bruk av så mange virale filmsnuttar at kompilasjonsdokumentaren kan få godkjentstempel både av elevar og lærarar i dagens klasserom. Faktisk burde filmen bli obligatorisk skolekino ikkje minst sidan Tiktok-generasjonen har så oppsiktsvekkjande lite bildeanalyse på timeplanen.