Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kamerateknologiens humanistiske potensial og forførande praksis.

Livet gjennom linsa

Livsstraumen: Berre eit knippe nettbrukarar betalte for å sjå Jesse Daugherty strøyma dataspelinga si, men då han ein dag somna framfor pc-en, kunne han vakna til ei «hyggeleg» overrasking på kontoen. Foto: Fidalgo

and the king said, what a FANTASTIC MACHINE

(Sverige, 2023) Regi: Axel Danielson & Maximilien Van Aertryck Dokumentar/ 1t. 25min./ Kino

Bak ein mystisk og omstendeleg tittel finst ein lettfatteleg og poengtert film om viktige spørsmål: Korleis blir menneska endra av bildemedieteknologien? Dei som synest det lyd som ei møllspist O-fagoppgåve på papir, kan pusta ut i trygg forvissing om at «and the king said, what a FANTASTIC MACHINE» har så rask klipperytme, er så underhaldande og gjer bruk av så mange virale filmsnuttar at kompilasjonsdokumentaren kan få godkjentstempel både av elevar og lærarar i dagens klasserom. Faktisk burde filmen bli obligatorisk skolekino ikkje minst sidan Tiktok-generasjonen har så oppsiktsvekkjande lite bildeanalyse på timeplanen.