Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Arbeidarpartiet har ikkje levert godt nok på den økonomiske krisa, seier partisekretær Kjersti Stenseng.

Plasserer ansvaret på toppen

IKKJE GODT NOK: Kjersti Stenseng er klar på at årets valresultat er altfor dårleg for Arbeidarpartiet. No skal partiet finne ut kvifor det gjekk så gale.

Det siste døgnet har toppane i Arbeidarpartiet sete i møte for å finne ut kvifor valet gjekk så dårleg.

Partisekretær Kjersti Stenseng seier at dei no skal bruke tid på å evaluere valet og finne ut kva som skjedde.

Likevel har ho sjølv allereie to hovudforklaringar: for dårlege løysingar på den økonomiske krisa og for mykje rot med statsrådsavgangar og habilitetssaker.

– Mange føler at regjeringa ikkje har levert raskt nok på det som gjer deira kvardag utfordrande. Det som dei merkar på lommeboka, anten det er matvareprisar, bustadprisar eller straumprisar, seier Stenseng, og legg til:

– Det andre er at vi har hatt ein del statsrådsavgangar knytt til habilitet og aksjesal, som har teke fokus vekk frå politikken.

– Kan saka med ektemannen til Anniken Huitfeldt ha øydelagt i innspurten?

– Det blir for enkelt å seie at det var det som øydela, men det kan ha bidrege negativt.

Ikkje gode nok svar

Støre-regjeringa har måtte styre gjennom to år med pandemi, krig i Europa, straumpriskrise og ei dyrtid som har vore krevjande for mange.

Stenseng seier at dei berre må erkjenne at regjeringa ikkje har gitt gode nok svar i møte med desse utfordringane.

– Matvareprisar, bukostnader og straumprisar. Folk tenkjer at det er regjeringa sitt ansvar, og vi har ikkje klart å gje gode nok svar på dei krisene. Det har vi openbert ikkje lukkast godt nok med når folk vel vekk Arbeidarpartiet, seier ho og held fram.

– Eg trur ein del har tenkt at vi ikkje har gitt dei tryggleik i desse tøffe tidene. Eg trur det er ei av årsakene til det dårlege valet.

Ønskjer breidde

Tidlegare denne veka skreiv Klassekampen at fleire Ap-ordførar meiner at toppleiinga i Arbeidarpartiet har vorte for elitistisk, og at det ikkje er nok folk med arbeidarklassebakgrunn i sentralstyret.

Stenseng går med på at dei kanskje har eit poeng. Samstundes understrekar ho at det er landsmøtet som har valt sentralstyret, og at det skjer etter innspel frå lokallaga og fylkeslaga i partiet.

– Det er absolutt eit poeng å ha folk med ulike bakgrunn i leiinga. Vi ønskjer jo at sentralstyret skal spegle partiet, og ikkje at det berre skal vere statsrådar som sit der. Det er veldig viktig.

Likevel meiner ho at det er endå viktigare å ha ein politikk som er bra for arbeidsfolk.

«Vi har ikkje klart å gje gode nok svar.»

Kjersti Stenseng, partisekr Ap

– Eg tenkjer at det aller viktigaste er at den breidda er representert i vår politikk. Vi må representere og spegle partiet i sentralstyret, men eg er endå meir oppteken av at den faktiske politikken og dei strategiske berebjelkane er farge av dei samfunnsgruppene som vi har jobba veldig for å få meir aktivt med i partiet vårt.

Barnehage drukna litt

Ei veke før valet kom regjeringa med ei stor barnehagesatsing, som kuttar maksprisen på barnehageplassar med 1000 kroner for alle, og for 1500 kroner i nesten 200 distriktskommunar.

Stenseng tykkjer at den satsinga drukna litt i valkampen, mellom anna fordi regjeringa måtte bruke tid på habilitetssaka til utanriksminister Anniken Huitfeldt og aksjehandelen til ektemannen hennar Ola Flem.

– I staden for å prate om dei satsingane vi har gjort, så har vi måtte prate om habilitetssaker eller statsrådar som har måtte gå av. Det har teke fokus vekk frå politikken.

– Kan det hende at det demotiverte nokre av veljarane, og at det forklarer kvifor valdeltaking var så låg til dømes på austkanten i Oslo? At dei fremste folkevalde i Ap er folk som er rike nok til å handle store summar med aksjar og som også bryt habilitetsreglane?

– Det er nok fleire ting som spelar inn, men eg trur nok at det kan vere ein del av forklaringa at slike saker med på å skape avstand, ja.

Har evaluert før

Det er ikkje første gongen at Arbeidarpartiet set seg ned for å evaluere eit dårleg val.

Etter stortingsvalet i 2017 var det igjennom ein liknande prosess.

Stenseng seier at det gjekk ganske bra, og at den valluka valkampstrategien i 2021 i stor grad var basert på evalueringa av 2017-valet.

– Det var diskusjonar om: Er Arbeidarpartiet eit parti som har inngått for mykje kompromiss med Høgre? Kva har Aps diskusjonar rundt Samarbeid med Venstre og KrF betydd for partiet? Svara våre på migrasjon. På distriktspolitikk. Alt dette tok vi tak i den gongen, seier ho.

Resultatet vart slagordet «Vanlige folks tur» og eit stortingsval der venstresida fekk 100 mandat på Stortinget.

– Då vi sa at vi måtte vere et tydeleg interesseparti for vanlege folk, så var det ein viktig del av strategien mot valet i 2021. Og det er jo målet vårt no og. Å få ærlege tilbakemeldingar som gir oss kunnskap og lærdom for å styrke oss mot neste val.