Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Det er enkelt å finne fleirtal i Bergen og det er enkelt å byggje bybana, men ikkje å gjere begge delar.

Ein uheilag allianse

Arbeidarpartiet i Bergen hadde ikkje noko val morgonen etter valet. Dei måtte gå av og la Høgre forsøkje å finne ut korleis dei skal danne eit styringsdyktig byråd. Det førre valet var det dårlegaste dei har gjort i Bergen, og dette var endå verre. I Bergen skal tolv parti vere representerte dei komande fire åra. I går inviterte Høgre Framstegspartiet, Venstre og Kristeleg folkeparti til sonderingar. Dei fire har ikkje fleirtal, men er ein god stad å starte. Dei må få tre mandat på si side for å ha eit fleirtal.