Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Eit selektivt portrett av Golda Meir gjer tvilsam bruk av vår samtid for å legitimera israelsk historieskriving.

Helgenportrett

Svarar for seg: Statsminister Golda Meir (Helen Mirren) må svara for tap av israelske liv under Jom kippurkrigen, men kjem ut av filmen som Israels bergingskvinne. Foto: Ymer Media

Golda

(Storbritannia, 2023) Regi: Guy Nattiv Manus: Nicholas Martin Biografisk drama/ 1 t. 40 min./ Kino

Den israelskfødde filmskaparen Guy Nattiv (mest kjent for det amerikanske rasistdramaet «Skin», 2018), har laga eit helgenportrett av Golda Meir på bakgrunn av hennar leiarskap under Jom kippurkrigen. «Golda» er eit godt døme på det problematiske forholdet til fortida, som mange politiske portrettfilmar dyrkar.