Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Kron og mynt

Medaljens bakside

Melkøya viser kva som veg tyngst for statsministeren: Equinors interesser og diplomatiske markeringar.

Illustrasjon: Knut Løvås, Knutlvas@gmail.com

Staden der statsminister Støre saman med statsrådane Vedum og Åsland den 8. august heldt sin pressekonferanse om «Kraft- og industriløft for Finnmark», fortalde langt meir enn konferansetittelen om deira ærend. Arena for seansen var nemleg parkeringsplassen ved Equinors velferdsbygg i Hammerfest.

Regjeringa har vedteke at innan 2030 skal produksjonen av flytande naturgass (LNG) på Melkøya bli elektrifisert med kraft frå land. Det vil krevje 3,5 terawattimar (TWh) straum per år. Denne krafta har ikkje Finnmark, som i dag manglar kraft til ny klimavennleg produksjon. Vedtaket betyr derfor at berre for å erstatte dagens kraftforsyning, må det innan 2030 bli bygt og sett i drift 170 vindturbinar på Finnmarksvidda, av same storleik som på Fosen, i viktige beite- og vandringsområde for rein. Dessutan må det bli bygt mangfaldige mil høgspentlinjer for å få straumen fram til Melkøya. Mange kommentatorar snakkar med rette om ein ny og endå meir alvorleg Fosen-konflikt.

Ved elektrifisering skal sjølvsagt den gassen som i dag blir brukt til produksjon av LNG, bli eksportert. Klimaeffekten av elektrifiseringa er derfor praktisk talt lik null. Ved vidare produksjonsdrift med gass kunne derimot fangst og lagring (CCS) av CO 2 frå denne produksjonen, 940.000 tonn per år, hatt ein betydeleg positiv klimaeffekt. På si heimeside prydar Equinor seg med at dei er ei «foregangsbedrift innan denne teknologien», og at dei lagrar karbon trygt under havbotnen. Men ikkje på Melkøya.

«Regjeringa tok seg ikkje eingong bryet med å spørje sitt eige råd­givingsorgan»

I 2022 hadde Equinor eit samla overskot på 750 milliardar kroner og betalte ut 170 milliardar i utbytte til aksjonærane, derav 114 milliardar til den norske stat. Ifølgje Equinor si berekning vil investering i CCS på Melkøya koste 37 milliardar kroner, altså i underkant av 5 prosent av overskotet og 22 prosent av utbetalt aksjeutbytte i 2022. (Denne kostnaden er småpengar samanlikna med selskapet sitt gigantiske sløseri og tap på USA-eventyret.) Men med regjeringas velsigning slepp Equinor unna det gamle prinsippet om at «forureinar skal betale», og eventuelle klimatiltak er underordna Equinors krav til «kostnadseffektivitet». På Melkøya, eit av Norges største punktutslepp, har nemleg Equinor funne ut at CCS er nesten tre gongar dyrare enn elektrifisering. Stortinget bad regjeringa om å få kostnadskalkylen vurdert. Men regjeringa tok seg ikkje eingong bryet med å spørje sitt eige rådgivingsorgan, Gassnova.

Årleg skal altså over 3 TWh fornybar energi per år bli brukt til å produsere fossil LNG utan nokon klimaeffekt i forhold til dagens gasdrivne produksjon. Så vidt eg kan sjå, er det to grunnar til at regjeringa gjer noko tilsynelatande så idiotisk. Den første og minst viktige grunnen er at Equinors verksemd er omfatta av EUs kvotesystem. EU har varsla at prisen på kvoter skal auke kraftig i komande år og bli rundt 1000 kroner per tonn CO 2 i 2030. Det betyr at Equinors kvotekjøp for Melkøya-utsleppa vil koste nær 940 millionar kroner per år i 2030, ein kostnad selskapet sjølvsagt ønskjer å unngå.

Den andre og langt viktigare grunnen er Paris-avtalen av 2015. Ifølgje denne avtalen tek signaturstatane sikte på å redusere utsleppa av klimagassar, slik at global oppvarming helst ikkje blir meir enn 1,5 o C. Det som blir målt, er dei faktiske utsleppa innanfor kvar stats territorium, og kvar stat bestemmer sjølv sine utsleppsmål ut frå kva dei meiner dei kan bidra med. Det betyr at eksport av fossile brennstoff ikkje er inkludert i eksportstaten sine utslepp.

I november 2022 rapporterte Norge inn til FN eit ambisiøst mål om 55 prosent reduksjon av utsleppa innan 2030 i forhold til år 1990. Det ville «sende eit sterkt signal til andre land», meinte Jonas Gahr Støre. I 2022 var Norges utslepp av klimagassar 48,9 millionar tonn CO 2 -ekvivalentar, som var berre 4,7 prosent mindre enn i 1990. Av utsleppa i 2022 dominerte olje- og gassutvinning med 25 prosent av totalen, mot industri under 24 prosent og vegtrafikk 18 prosent. Skal Norge nå sitt proklamerte mål om 55 prosent reduksjon, må størstedelen av olje- og gassproduksjonen bli elektrifisert innan 2030. Melkøya viser at for Jonas Gahr Støre er Equinors interesser og regjeringas diplomatiske markeringar viktigare enn reindriftssamane sine levekår, naturverdiar og Norges bidrag til reduksjon av globale utslepp av klimagassar.