I sommar tok stortingsrepresentant Helge André Njåstad (Frp) opp med utanriksminister Anniken Huitfeld (Ap) at han har merka seg at «det ofte blir servert champagne, prosseco (sic) og liknande» når han har vore på tilstellingar på norske ambassadar. Han meiner i staden at dei bør servere sider frå Hardanger, som dei franske og italienske dropane «heilt subjektivt frå mi side heller ikkje når Hardangersideren til knærne av kvalitet». «Det må et pålegg til, elles så vil det ikke skje», sa han til Nationen og bad utanriksministeren bli «like patriotisk som den franske ambassaden».
Patrioten
Dagboka