Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Mellom kulturtradisjon og Noregs-reklame.

Å spegla Guds himmel av

Mennesket blir lite i naturen: Jørgen Mykland (84), regissør Margreth Olins far, på det islagde Oldevatnet i Nordfjord. Foto: Norsk Filmdistribusjon

Fedrelandet

(Noreg, 2023) Regi og manus: Margreth Olin Dokumentar, 1t. 30min., Kino frå 1. september

Når regissøren bak debattfilmar som «Barndom» (2018) og «De andre» (2012) ville gje seg i kast med naturfilm, kunne ein tru det vart ein dokumentar om til dømes dyrevern, som ligg Margreth Olin på hjarta. I staden har ho laga ein teknisk spektakulær landskapsfilm som ei kjærleikserklæring til Oldedalen i Nordfjord, der farsslekta kjem frå.