Du kan bla til neste sideBla med piltastene
På tampen

Skipet seglar vidare

Vi går om bord i Den flygande hollender når vi trassar naturen for å driva cruiseturisme.

Mitt skip er lasta med: Det var stor stas då Mein Schiff i 2021 var det første store cruiseskipet til å koma til Bergen etter pandemien. No er stemninga ei anna. Foto: Marit Hommedal, NTB

Ei fredfull sommarnatt på vestlandshytta, kom det ei uro over meg. Eg forstod ikkje kvifor eg vakna før medvitet registrerte ein lågfrekvent lyd, som fekk bakken under den gamle tømmerstova til å rista. Utanfor lyste månen stille over Langenuen. Midt imot, på fastlandssida av sjøleia mellom Stavanger og Bergen, ragar fjella i Kvinnherad, nutane kring Rosendal og Folgefonna. På dagtid har vi utsyn mot innfarten til Hardangerfjorden, men no var det som om naturtablået hadde krympa til eit miniatyrbilde. Midt på sjøen låg nemleg eit gigantisk, fullt opplyst cruiseskip.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?