Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Biografien om Bolette C. Pavels Larsen gir brei oversikt, men lukkast ikkje heilt med å løfte fram eigenarten hennar.

Svar på brev frå Bolette

SÆRSYNT: Bolette Christine Pavels Larsen var hovudkritikar i Bergens Tidende gjennom nesten 25 år på slutten av 1800-talet. FOTO: UKJENT/NTB
Biografi

Jan Olav Gatland

Bolette C. Pavels Larsen. Litterær pioner og føregangskvinne

Biografi

Skald Forlag 2023, 272 sider

Eg trur ikkje vi er veldig mange, vi som har venta i spenning på ei ny bok om Bolette C. Pavels Larsen, men sjølv har eg sett fram til å få vite meir om kva slags liv og verk som skjuler seg bak det blautkakeklingande namnet. Jan Olav Gatland har skrive bøker om fleire (kult)figurar i nynorsk kulturhistorie – mellom andre Ola Raknes, Mons Litleré og Torvald Tu – og gir no ut bok om halvgløymde Bolette, «[...] Frua – ho fraa Byens fine Salar / som elska Bonden i dei norske Dalar», som Anders Hovden skreiv i eit minnedikt då ho døydde i 1904.