Svar på brev frå Bolette
Biografien om Bolette C. Pavels Larsen gir brei oversikt, men lukkast ikkje heilt med å løfte fram eigenarten hennar.


Jan Olav Gatland
Bolette C. Pavels Larsen. Litterær pioner og føregangskvinne
Biografi
Skald Forlag 2023, 272 sider
Eg trur ikkje vi er veldig mange, vi som har venta i spenning på ei ny bok om Bolette C. Pavels Larsen, men sjølv har eg sett fram til å få vite meir om kva slags liv og verk som skjuler seg bak det blautkakeklingande namnet. Jan Olav Gatland har skrive bøker om fleire (kult)figurar i nynorsk kulturhistorie – mellom andre Ola Raknes, Mons Litleré og Torvald Tu – og gir no ut bok om halvgløymde Bolette, «[...] Frua – ho fraa Byens fine Salar / som elska Bonden i dei norske Dalar», som Anders Hovden skreiv i eit minnedikt då ho døydde i 1904.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent