Du kan bla til neste sideBla med piltastene

17. mai

Er det eigentleg noko vits å feire Grunnlova frå 1814? Det er Magnus Marsdal, leiar i tankesmia Manifest som stiller spørsmålet i ein episode av podkasten sin i lag med stortingsrepresentant Mímir Kristjánsson. Marsdal syner til at 95 prosent av folket ikkje hadde røysterett etter Grunnlova, og at Eidsvollmennene var jordeigarar som slettes ikkje var tilhengjarar av noko skikkeleg demokrati. Det er nok sant, men med den strenge målestokken, vert det også vanskeleg å feire mange viktige sigrar og hendingar i arbeidarrørsla og på venstresida.